- I desse dagar då forholda for å gå på langrenn er fine vil Ørsta kommune gjere innbyggjarane merksame på at Frivilligsentralen har langrennsutstyr for born som ein kan låne gratis, fortel folkehelsekoordinator Ingvild Endal.

- Dersom borna ønske å ta del i barnetrimrenna på Bondalseidet i regi av ØIL trimgruppa eller Hovdebygda IL, så er det mogleg å låne utstyret til dette, seier ho.

Dersom borna har ønske om å gå langrenn i løypene i nærområdet som til dømes på Daleteigane, eller treng utstyr til skidag på skule, så ring Rebecca på Frivilligsentralen for å avtale lån.

Skostorleik frå 32 – 43.

- La borna få oppleve skiglede! Oppmodar folkehelsekoordinatoren.