Gjerrigknark.com logotype

Logg inn på Gjerrigknark.com:

Du kan logge inn / registrere bruker trygt og helt gratis på gjerrigknark.com ved å benytte Vipps-innlogging.

Send inn tips:

Har du et tips til meg? Jeg premierer de beste tipsene med flaxlodd!

PS: Vil du være med i tipsekonkurransen kan du oppgi kontaktdetaljer i neste steg.
    Følg på SnapchatFølg på TikTokFølg på InstagramFølg på Pinterest
    Annonse

    Her tømmer Statens vegvesen søppel kvar dag om sommaren. Likevel ser det slik ut

    Slik ser det ut når folk grisar til rasteplassar. Bildet er frå Digernes rasteplass på Stord, like nord for E39 Stordabrua. – Den vanlege sommarrutinen har vore at vi tømmer fleire gongar i veka. Auka søppelmengd gjer at vi har gått over til å tømma kvar dag. Likevel får vi inn klager på at rasteplassen er overfylt av søppel, og at det ikkje ser ut, seier byggeleiar Gunn K Skjærbekk i Statens vegvesen.

    Det viser seg at mange tømmer sitt private hushaldningsavfall i søppeldunkane på staden.

    Avfallsdunkane på rasteplassen er berekna på turistar, understrekar Skjærbekk.

    No set Statens vegvesen ut større avfallsdunkar på staden for å bøta på problemet.

    Avføring langs buskar og kratt

    Forsøplinga på Digernes handlar ikkje berre om dunkane.

    – Det verste er at det er folk som gjer frå seg inntil buskar og kratt og langs stien. Dette er absolutt ikkje greitt. Det er veldig lite kjekt for entreprenøren å plukka opp avføring, seier Skjærbekk alvorleg.

    I løpet av august set Vegvesenet opp eit skilt der det blir opplyst om kor næraste toalett er.

    – Andre plassar vi slit med avfall er ved Toskatjørn i Haugesund, Austrheim i Vats i Vindafjord, og litt i Suldal, seier Skjærbekk.

    Slik kan alle bidra til reine og ryddige rasteplassar

    Ho kjem med ein tydeleg appell til alle trafikantar og andre brukarar av Statens vegvesen sine rasteplassar.

    – Vi ønsker å ha rasteplassar og stopp langs vegen som ser fine ut, og som freistar til ein stopp der ein kan nyta ein kaffi og strekka på beina.

    Statens vegvesen er opptekne av at rasteplassane skal gi trafikantane gode opplevingar. Entreprenørane gjer eit stort og samvitsfullt arbeid for å halda rasteplassane reine, fine og innbydande.

    Men også dei som brukar plassane må bidra.

    – For sjølv om vi tømmer søppel oftare på sommaren enn elles i året, kan ikkje våre dyktige entreprenørar vera overalt heile tida. Er det fullt i dunken når du kjem, ber vi deg ta med søppelet videre til neste stoppestad.

    – Ring gjerne 175. Då kjem du til næraste vegtrafikksentral, som varslar videre slik at entreprenør kan rykka ut så raskt som mulig, avsluttar byggeleiar Gunn K Skjærbekk i Statens vegvesen.

    Her tømmer Statens vegvesen søppel kvar dag om sommaren. Likevel ser det slik ut Foto: Statens Vegvesen